Validiteten av celleinnhaldet

For kvar celle kan du definera gyldige verdiar. Ugyldige verdiar i ei celle vert avviste.

Åtvaringsikon

Valideringsregelen vert brukt når ein ny verdi vert skrive inn. Dersom det alt er sett inn ein ugyldig verdi i cella, eller dersom du set inn ein verdi i ei celle anten ved å dra og sleppa han eller ved å kopiera og lima, vert ikkje valideringsregelen brukt.


Merknadsikon

Du kan når som helst velja Verktøy → Sporing og velja kommandoen Marker ugyldige data for å visa kva celler som inneheld ugyldige verdiar.


Bruka cellegyldigheit

  1. Marker cella du vil gi ein ny valideringsregel for.

  2. Vel Data → Gyldigheit.

  3. Skriv vilkåra for nye celleverdiar som skal skrivast inn i cellene inn i fana Kriterium.

  4. Vel ei innstilling frå lista Tillat.

  5. Viss du vel «Heiltal», vert ikkje verdiar som «12,5» tillatne. Vel du «Dato» vert datoar tillatne både i det lokale formatet og som seriell dato. På same måte tillet vilkåret «Tid» verdiar som «12.00» eller serielle tidstal. «Tekstlengd» betyr at celler berre kan innehalda tekst.

    Vel «Liste» for å skrive inn ei liste med gyldige verdiar.

  6. Vel neste vilkår under Data. Avhengig av kva du vel, kan fleire val verta tilgjengelege.

Etter at du har bestemt vilkåra for cellegildskap, kan du bruka dei andre to fanene til å laga meldingsfelt:

Kryss av for Vis ei feilmelding når det vert brukt ugyldige verdiar for å visa feilmeldinga.

Eksempelmakro:

Function ExampleValidity(CellValue as String, TableCell as String)
Dim msg as string
msg = "Invalid value: " & "'" & CellValue & "'"
msg = msg & " in table: " & "'" & TableCell & "'"
MsgBox msg ,16,"Error message"
End Function

Merknadsikon

Når du har endra handlinga for ei celle på fana Feilmelding og lukka vindauget ved å trykkja på OK, vert endringane verksame først når du har merkt ei anna celle.