Sjølvvalde funksjonar
Du kan bruka sjølvvalde funksjonar i LibreOffice Calc på desse måtane:
-
Du kan lage dine eigne funksjonar i Basic. Dette krev grunnleggjande kunnskap om programmering.
-
Du kan programmere funksjonar som tillegg. Dette krev avanserte kunnskaper om programmering.
Lage ein funksjon med LibreOffice Basic
-
Vel
. -
Vel Rediger for å få opp Basic-IDE-en.
-
Skriv inn funksjonskoden. I dette eksempelet lagar vi ein VOLUM(a; b; c)-funksjon som reknar ut volumet til ein rektangulært figur med lengda, breidd b og høgd c:
Function VOL(a, b, c)
VOL = a*b*c
End Function -
Lukk Basic-utviklingsmiljøet.
Funksjonen vert automatisk lagra i standard-modulen og er nå tilgjengeleg. Viss du bruker funksjonen i eit Calc-dokument som skal brukast på ein annan datamaskin, kan du kopiera funksjonen til Calc-dokumentet slik det er forklart i neste avsnitt.
Kopiere ein funksjon til eit dokument
I andre delen av «Laga ein funksjon med LibreOffice Basic» trykte du på Rediger i vindauget Makro. Som standard er modulen Mine makroar → Standard → Modul1 vald i Makro frå. Biblioteket Standard er lagra lokalt i brukarmappa.
Viss du vil kopiere den sjølvlaga funksjonen til eit Calc-dokument, gjer du det slik:
-
Vel
. -
I feltet Makro frå vel Mine makroar → Standard → Modul1 og trykk på Rediger.
-
Marker kjeldekoden i Basic-utviklingsmiljøet og kopier den til utklippstavla.
-
Lukk Basic-utviklingsmiljøet.
-
Vel
. -
Vel (Namn på Calc-dokumentet) → Standard → Module1 i feltet Makro frå. Trykk på Rediger.
-
Lim innhaldet av utklippstavla inn i Basic-utviklingsmiljøet for dokumentet.
Bruka ein sjølvvald funksjon i LibreOffice Calc
Når du har laga funksjonen VOLUM(a; b; c) i Basic-utviklingsmiljøet, kan du bruka han på same måte som innebygde funksjonar i LibreOffice Calc.
-
Opna eit Calc-dokument og skriv inn tal for funksjonsparametera a, b og c i cellene A1, B1 og C1.
-
Plasser markøren i ei anna celle og skriv inn dette:
=VOL(A1;B1;C1)
-
Funksjonen vert rekna ut og resultatet vert vist i den valde cella.