Dele og slå saman celler

Du kan merkja fleire tilstøytande celler og slå dei saman til éi enkelt celle. Omvendt kan du ta éi stor celle og dela henne inn i fleire mindre celler.

Merknadsikon

Når du kopierer celler inn i eit målområde som inneheld samanslåtte celler, vert målområdet først delt og så vert dei kopierte cellene limt inn. Dersom dei kopierte cellene er samanslåtte celler, vil dei framleis vere samanslåtte.


Slå saman celler

  1. Merk dei tilstøytande cellene.

  2. Vel Format → Slå saman celler → Slå saman celler. Dersom du vel Format → Slå saman celler → Slå saman og sentrer celler vil celleinnhaldet i dei samanslåtte cellene verta sentrert.

Del celler

  1. Plasser skrivemerket i cella som kan delast.

  2. Vel Format → Slå saman celler → Del celler.

Referere til andre ark