Filter: Bruka avanserte filter

  1. Kopier kolonneoverskriftene til områda som skal filtrerast til eit tomt område i arket. Skriv så inn kriteria for filteret i rada under overskriftene. Data ordna vassrett i ei rad vert alltid logisk kopla med OG, medan data ordna loddrett i ei kolonne alltid vert kopla logisk med ELLER.

  2. Når du har laga ei filtermatrise, merk områda som skal filtrerast. Vel Data → Filter → Avansert filter og definer filtervilkåra i Avanserte filter.

  3. Når du trykkjer OK ser du at berre radene som samsvarar med søkjekriteriet vert viste. Alle andre rader vert mellombels gøymde, men kan verta viste igjen ved å velja Format → Rad → Vis.

Eksempel

Opna eit rekneark med mange oppføringar. Vi bruker eit fiktivt dokument over omsetning, men du kan bruka kva dokument som helst. Dokumentet er utforma slik:

A

B

C

D

E

1

Månad

Standard

Firma

Luksus

Suite

2

Januar

125600

200500

240000

170000

3

Februar

160000

180300

362000

220000

4

Mars

170000

og så vidare …


Kopier rad 1 med radoverskriftene (feltnamna) til for eksempel rad 20. Skriv inn filtervilkåra kopla saman med ELLER i radene 21, 22 osv.

A

B

C

D

E

20

Månad

Standard

Firma

Luksus

Suite

21

Januar

22

<160000


Dette gjer at berre rader som anten har verdien Januar i cella Månad ELLER ein verdi lågare enn 160000 i cella Standard vert viste.

Vel Data → Filter → Avansert filter, og vel så området A20:E22. Når du trykkjer på OK, vert berre radene som samsvarar med filteret viste. Dei andre radene er gøymde.