Gje nytt namn til ark

Valet av namn på arka er nokså viktig for å laga oversiktlege og lett lesbare rekneark. Slik kan du endra namnet på eit ark:

  1. Trykk på arkfana for å merka han.

  2. Opna lokalmenyen for arkfana og vel Endra namn på ark. Det kjem då opp eit dialogvindauge der du kan skriva inn det nye namnet.

  3. Skriv inn eit nytt namn for arket og trykk OK.

  4. Alternativt kan du halda nede tasten og trykkja på eit arknamn og skriva namnet rett inn.

    Denne funksjonen er berre tilgjengeleg for nokre X Window-vindaugshandsamarar.

Du kan bruka nesten kva teikn som helst i arknamnet unntatt desse:

Tipsikon

I cellereferansane må namn på ark stå mellom enkle hermeteikn (apostrofar ') dersom namnet inneheld teikn som ikkje er bokstavar, tal eller understrek. Apostrofar i namn må vernast ved å doble teiknet (to apostrofer). For eksempel om du vil referere celle A1 i eit ark med dette namnet:


Du ønskjer for eksempel å referere til cella A1 med namnet

Jens' ark

Denne referansen må setjast i enkle hermeteikn, og det enkle hermeteiknet (apostrofen) inne i namnet må doblast:

'Jens'' ark'.A1

Tipsikon

Namnet på ark er uavhengig av namnet på reknearket. Du skriv inn namnet på reknearket første gongen du lagrar det.


Merknadsikon

Dokumentet kan innehalde opp til 10 000 ulike ark, som alle må ha unike namn.


Du kan setja eit prefiks for namna i nye ark. Sjå denne sida med Calc-instillingar.