Adresser og referansar, absolutte og relative

Relative adresser

Cella i kolonne A, rad 1 vert adressert som A1. Du kan adressera eit område med naboceller ved å først setja inn koordinat til den øvste, venstre cella, så eit kolon (:) og deretter koordinat til den nedste, høgre cella i området. For eksempel kan du adressere dei fire cellene øvst til venstre på arket med «A1:B2».

Ved å adressera området på denne måten, lagar du ein relativ referanse til A1:B2. Her betyr relativ at referansen til området vert endra automatisk når du kopierer formlane.

Absolutte adresser

Absolutte referansar er det motsette av relative adresser. Eit dollarteikn vert sett framføre kvar bokstav og kvart tal i absolutte referansar. For eksempel: «$A$1:$B$2».

Tipsikon

LibreOffice kan endra referansen for cella markøren står i på inndatalinja, frå relativ til absolutt og omvendt ved å trykkja på F4. Dersom cella inneheld ei relativ adresse som «A1» første gongen du trykkjer på tastekombinasjonen, vert både rada og kolonnen sett til absolutte referansar ($A$1). Den andre gongen vert berre rada absolutt (A$1) og den tredje gongen berre kolonnen ($A1). Om du trykkjer ei gong til, vert begge delar stilt tilbake til relative (A1).


LibreOffice Calc viser referansane til ein formel. Dersom du for eksempel trykkjer på formelen «=SUMMER(A1:C5;D15:D24)» i ei celle, vert dei refererte områda i arket utheva med ein farge. Såleis kan formelkomponenten «A1:C5» verta vist i blått og celleområdet verta vist med kantlinjer i same farge. Den andre komponenten, «D15:D24», kan verta markert i raudt på same måte.

Bruk av relative og absolutte referansar

Kva er spesielt med ein relativ referanse? Sett at du i cella E1 vil rekne ut summen av cellene i området A1:B2. Formelen du skriv inn i E1 vil då vera: «=SUMMER(A1:B2)». Skulle du seinare setja inn ei ny kolonne framføre kolonne A, ville det aktuelle området no verta B1:C2 og formelen ville vera flytt til F1 og altså ikkje vera i E1. Etter at du hadde sett inn den nye kolonnen, måtte du difor ha kontrollert og retta alle formlane i arket og kanskje også andre ark.

Heldigvis gjer LibreOffice dette for deg. Når du set inn ein ny kolonne A, vert formelen «SUMMER(A1:B2)» automatisk oppdatert til «SUMMER(B1:C2)». Rader vert også oppdatert automatisk når du set inn ei ny rad 1. Absolutte og relative referansar vert alltid justerte i LibreOffice Calc når refererte område vert flytt. Derimot må du vera forsiktig når du kopierer formlar. Då vert berre relative referansar endra, ikkje absolutte referansar.

Absolutte referansar vert brukte når utrekningane refererer til bestemte celler i arket. Dersom ein formel som refererer til akkurat desse cellene vert kopiert til cella ei rad nedanfor, vil også referansen peike til celler ei rad nedanfor dersom koordinata ikkje var absolutte.

Bortsett frå når nye rader og kolonnar vert sette inn kan referansar også forandra seg når ein formel som refererer til celler vert kopiert til eit anna område i arket. Tenk deg at du har skrive inn formelen «=SUMMER(A1:A9)» i rad 10. Vil du rekne ut summen i nabokolonnen til høgre, kopierer du heilt enkelt denne formelen til cella til høgre. Kopien av formelen i kolonne B vert automatisk endra til «=SUMMER(B1:B9)».