Definere utskriftsområde for eit ark

Du kan definere kva celleområde i eit rekneark som skal skrivast ut.

Cellene i arket som er utanom det markerte utskriftsområdet, vert ikkje skrivne ut eller eksporterte. Ark utan eit definert utskriftsområde vert ikkje skrivne ut eller eksporterte til PDF-filer unntatt dersom dokumentet er i Excel-format.

Merknadsikon

For filer som er opna i Excel-format, vert alle arka som ikkje inneheld eit definert utskriftsområde skrivne ut. Det same gjeld når du eksporterer Excel-fila til ei PDF-fil.


Definer eit utskriftsområde

  1. Marker cellene du vil skrive ut.

  2. Vel Format → Utskriftsområde → Definer.

Leggje til celler til eit utskriftsområde

  1. Vel cellene du vil leggje til det utskriftsområdet som finst frå før.

  2. Vel Format → Utskriftsområde → Legg til.

Fjerne eit utskriftsområde

Bruka førehandsvisinga av sideskift til å endra utskriftsområde

I Førehandsvising av sideskift vert utskrifts- og sideskiftområde markerte med blå kantlinjer og inneheld eit midtstilt sidetal i grått. Områder som ikkje ert skrivne ut er markerte med grå bakgrunn.

Du kan definera eit nytt sideskiftområde ved å dra kantlinja til ein ny plass. Når du definerer eit nytt sideskiftområde, vert eit automatisk sideskift bytt ut med eit manuelt sideskift.

Vise og endre utskriftsområde

  1. Vel Vis → Førehandsvising av sideskift.

    Tipsikon

    Du kan endra forstørringa for førehandsvising av sideskift ved å dobbeltklikka på prosentverdien på statuslinja og velja ei ny forstørring.


  2. Endre utskriftsområdet.

    Du kan endre storleiken på eit utskriftsområde ved å dra kantlinja for området til ein ny stad.

    Merknadsikon

    Du kan fjerne eit manuelt sideskift frå utskriftsområdet ved å dra kantlinja til sideskiftet utanfor utskriftsområdet.


    Du kan fjerne eit utskriftsområde ved å dra kantlinja for området til den motsette kantlinja for området.

  3. Vel Vis → Normal for å lukke førehandsvisinga av sideskift.