Skrive ut ark liggjande
Det finst fleire interaktive val for skrive ut ark i Vis → Sideskift. Dra i skiljelinjene for å definere celleområda som skal skrivast ut på kvar side.
Du kan lage ei liggjande utskrift slik:
-
Opna arket du skal skrive ut.
-
Vel Format → Side.
Kommandoen er ikkje tilgjengeleg om arket vart opna som skriveverna. Då må du i tilfelle trykkja på Rediger fil på Standard-linja.
-
Vel fana Side. Vel Liggjande under papirformat og trykk OK.
-
Vel Fil → Skriv ut. Vindauget Skriv ut vert opna.
Avhengig av skrivardrivaren og operativsystemet må du må kanskje trykkja på Eigenskapar og endra innstillinga til liggjande utskrift.
-
Merk innhaldet som skal skrivast ut i fana Generelt i dialogvindauget Skriv ut:
Alle ark - Alle arka vert utskrivne.
Valde ark - Berre dei merkte arka vert skrive ut. Alle arka som er merkte med namnet (på arkfanane nedst på sida) vert utskrivne. Du kan endre markeringane ved å halda nede CmdCtrl medan du klikkar på eit arknamn.
Valde celler - Alle dei markerte cellene vert skrive ut.
-
Du kan velja kva sideområde som skal skrivast ut av dei papirsidene som er eit resultat av utveljinga ovanfor:
All sidene - Alle sidene vert utskrivne.
Sider - Skriv kva sider som skal skrivast ut. Sidene vert nummererte frå første arket og utover. Dersom du i førehandsvisinga ser at ark1 vil verta skrive ut på 4 sider og du ønskjer å skrive ut dei to første sidene av Ark2, skriv 5-6 her.
Dersom du har definert eitt eller fleire utskriftsområde i Format → Utskriftsområde, vert berre innhaldet i desse utskriftsområda skrive ut.