Filtrere pivotdiagram

Filter vert brukte til å fjerna uønskde data frå pivotdiagrammet. Du kan bruka filter i pivotdiagrammet eller i den tilsvarande pivottabellen sidan diagrammet laga frå tabellen er nøyaktig det same.

Feltknappane i pivotdiagrammet

Knappane for pivotdiagramma finst berre i pivitdiagram, ikkje i andre diagram. Knappane viser utforminga av pivottabellen, altså felta i pivottabellen. Viss dei finst, vert sidefelta viste øvst. Radfelt vert viste ved sida av kvarandre nedst i diagrammet. Forklaringane vert henta frå kolonnefeltstabelen.

Pivotdiagram-knappar

Knappane er knytt til ein sprettoppfunksjon. Viss det er brukt ei eller anna form for filtrering, vert pilen blå, som i pivottabellen, slik at det er lett å sjå når det er brukt filtrering på eit felt.

Eksisterande sidefelt viser kva som er filtrert: når ingenting er filtrert, vert "- alle -" vist; når nokre data er filrert vert "- fleire -" vist, når berre ein verdi er ufiltrert, vert verdien vist.

Opna fil med eksempel: