Konvertere tekst til tal

Calc konverterer tekst i celler til tilsvarande talverdiar dersom dette kan gjerast utvetydig. Dersom det ikkje er råd å få dette til, vert verdien #VERDI! returnert i staden.

Berre heiltal, medrekna eksponent og ISO 8601-datoar og klokkeslett med deira utvida format og skiljeteikn vert konverterte. Alt anna, som brøkar med desimalskiljeteikn og datoar som ikkje er innføre ISO 8601 vert ikkje konverterte sidan tekststrengen då vil vera avhengig av lokale innstillingar. Innleiande og avsluttande mellomrom vert ignorerte.

Desse ISO 8601-formata vert konverterte:

Koden CC står for århundre og kan ikkje sløyfast. I staden for T, som er skiljeteiknet mellom dato- og tidsformatet, kan du bruka (nøyaktig) eitt mellomrom.

Dersom ein dato er brukt, må han vere ein gyldig Gregoriansk kalenderdato. I dette tilfellet må klokkeslettet vere i intervallet 00:00 til 23:59:59.99999…

Dersom berre ein tidsstreng er gjeven, kan han ha timetal større enn 24 medan minutt og sekund ikkje må vera større enn 59.

Konverteringa vert utført for eitt enkelt argument, som i =A1+A2 eller ="1E2"+1. Argumenta for celleområda vert ikkje påverka. SUMMER(A1:A2) vil såleis vere ulik A1 + A2 dersom i det minste éi av dei to cellene inneheld ein streng som kan konverterast.

Tekststrengar i formlar vert også konverterte. T.d. vil ="1999-11-22"+42 returnere datoen 42 dagar etter 22. november 1999. Utrekningar som involverer lokaliserte datoar som ein streng inne i formlar returnerer ein feil. For eksempel kan dei lokaliserte datostrengane "11/22/1999" eller "22.11.1999" ikkje brukast i automatiske konverteringar.

Eksempel

Skriv teksten '1e2 inn i A1. (Internt vert dette konvertert til 100).

Skriv A1+1 i A2. (Dette gjev det korrekte resultatet 101).