Setja inn og redigera merknadar
Du kan leggje ein merknad til kvar celle ved å bruka Set inn → Merknad. Merknaden vert indikert med ein liten raud firkant, merknadsindikatoren, inne i cella.
-
Merknaden er synleg kvar gong musepeikaren er over cella.
-
Når du merkjer cella kan du velja Vis merknad frå sprettoppmenyen (høgreklikk) for cella. Dette gjer at merknaden vert synleg heile tida. Du kan slå visinga av igjen ved å klikka på Vis merknad ein gong til.
-
Du kan redigera ein merknad som vert vist heile tida ved å klikka på han. Slettar du all tekst, vert også merknaden sletta.
-
Flytt eller skaler kvar merknad etter behov.
-
Formater kvar merknad ved å betsemme bakgrunnsfarge, gjennomsikt, kantstil og tekstjustering. Vel kommandoane frå lokalmenyen for merknaden
-
For å visa eller gøyma merknadsindikatoren, vel du LibreOffice → InnstillingarVerktøy → Innstillingar → LibreOffice Calc → Vis og markerer eller fjernar markeringa for Merknadsindikator.
Du kan vise tipstekst for ei vald celle ved hjelp av Data → Gyldigheit → Hjelp om inndata.