Å bruka fleire ark

Slik set du inn eit ark

  1. Vel Set inn → Ark for å setja inn eit nytt ark eller eit ark frå ei anna fil.

Velja fleire ark

Arkfana for det gjeldande arket er alltid synleg i kvitt framføre dei andre arkfanene. Dei andre arkfanene er grå når dei ikkje er markerte. Du kan velja fleire ark ved å trykkja på arkfanene samstundes som du held tasten nede.

For å velja fleire ark kan du bruka Shift-tasten + + Page Up eller Page Down.

Fjerne eit ark frå utvalet

For å gjere om merkinga av eit ark klikkar du på fana for arket medan du held nede -tasten. Det arket som er synleg kan ikkje fjernast frå utvalet.

Rekna ut på tvers av fleire ark

Du kan referera til eit arkområde i ein formel ved å spesifisera det første og siste arket i området. For eksempel legg =SUMMER(Ark1.A1:Ark3.A1) saman alle A1-celler i arka Ark1 til Ark3.