Utføre fleire operasjonar

Fleire operasjonar i kolonnar eller rader

Kommandoen Data → Fleire operasjonar er eit planleggingsverktøy for spørsmål av typen «kva dersom». I reknearket skriv du inn ein formel som reknar ut resultatet frå verdiar som er lagra i andre celler. Deretter markerar du eit celleområde der du skriv inn nokre faste verdiar. Funksjonen «Fleire operasjonar» vil så rekne ut resultatet ut frå formlane du har set inn.

I feltet Formlar skriv du inn cellereferansen til den formelen som gjeld for dataområdet. I felta Radcelle/Kolonnecelle for inndata skriv du inn cellereferansen til dei tilhøyrande cellene som er ein del av formelen. Dette kan best illustrerast med nokre eksempel:

Eksempel

Du produserer leiketøy som du vil selja for 100 kr stykket. Kvart leiketøy kostar 20 kr å laga. I tillegg har du faste utgifter på 100 000 kr i året. Kor stort vert overskotet dersom du sel ei bestemt mengde leiketøy?

kva-om arkområde

Kalkulere med éin formel og éin variabel

  1. For å rekna ut overskotet, skriv du inn eit vilkårleg tal for selde einingar – 2000 i dette eksempelet. Overskotet vert rekna ut med formelen: Overskot = Mengd * (Salspris - Produksjonskostnadar) - Faste utgifter. Skriv inn formelen i B5.

  2. I kolonne D skriv du inn årlege sal, det eine under det andre, for eksempel 500 til 5000 med steg på 500.

  3. Vel området D2:E11, altså verdiane i kolonne D og dei tomme cellene ved sida av i kolonne E.

  4. Vel Data → Fleire operasjonar.

  5. Trykk på celle B5 når markøren står i feltet Formlar.

  6. Plasser markøren i feltet Kolonnecelle for inndata og trykk på celle B4. Dette betyr at B4, mengda, er variabelen i formelen som vert bytt ut med kolonneverdiane.

  7. Lukk vindauget ved å trykkja på OK. Overskotet for dei ulike salstala vert viste i kolonne E.

Utrekning med fleire formlar samstundes

  1. Slett kolonne E.

  2. Set inn denne formelen i C5: «=B5/B4». Nå reknar du ut årleg overskot per selde eining.

  3. Vel området D2:F11, altså tre kolonnar.

  4. Vel Data → Fleire operasjonar.

  5. Vel cellene B5:C5 når markøren står i feltet Formlar.

  6. Plasser markøren i feltet Kolonnecelle for inndata og trykk på cella B4.

  7. Lukk vindauget ved å trykkja på OK. Overskotet vert vist i kolonne E og årleg overskot per eining i kolonne F.

Fleire operasjonar på tvers av rader og kolonnar

LibreOffice gjev deg høve til å utføra fleire operasjonar samtidig på kolonnar og rader med såkalla krysstabellar. Formelcella må referere til både dataområdet rangert i rader og dataområdet rangert i kolonnar. Marker det området som er definert av begge dataområda og vel funksjonen «Fleire operasjonar». Skriv inn referansen til formelen i feltet Formlar. Felta Radcelle for inndata og Kolonnecelle for inndata vert brukte til å skrive inn referansar til dei tilsvarande cellene for formelen.

Utrekningar med to variablar

Sjå på eksempelet ovanfor. Nå vil du ikkje berre bruka ulike tal for mengda, men også for salsprisen og du vil vita overskotet i kvart tilfelle.

Utvid tabellen ovanfor. D2 til D11 inneheld tala 500, 1000 og så vidare opp til 5000. Skriv inn tala 80, 100, 150 og 200 i E1 til H1.

  1. Marker området D1:H11.

  2. Vel Data → Fleire operasjonar.

  3. Trykk på celle B5 når markøren står i feltet Formlar.

  4. Plasser markøren i feltet Radcelle for inndata og trykk på celle B1. Dette betyr at B1, salsprisen, er dei vassrett innskrivne verdiane (80, 100, 150 og 200).

  5. Plasser markøren i feltet Kolonnecelle for inndata og trykk på B4. Dette betyr at B4, salstalet, er dei loddrett innskrivne verdiane.

  6. Lukk vindauget ved å trykkja på OK. Overskotet for dei ulike salsprisane vert viste i området E2:H11.