Skrive inn matriseformlar

Det følgjande er eit eksempel på korleis du kan skrive inn ein matriseformel utan å gå inn på detaljer om matrisefunksjonar.

Gå ut frå at du har skrive inn 10 tal i kolonne A og B (A1:A10 og B1:B10) og vil rekne ut summen av kvar rad i Kolonne C.

  1. Bruk datamusa og merk området C1:C10 som du vil vise resultata i.

  2. Trykk på F2 eller trykk på inndatalinja på formellinja.

  3. Skriv inn eit likskapsteikn (=).

  4. Marker området A1:A10 som inneheld dei første verdiane i summeringsformelen.

  5. Trykk på pluss-tasten.

  6. Marker det andre området, B1:B10.

  7. Avslutt innskrivinga med tastekombinasjonen for matriser: Shift + + Enter.

Matriseområdet vert automatisk verna mot endringar som for eksempel sletting av rader eller kolonnar. Det er likevel mogleg å endra kva formatering som helst, som til eksempel cellebakgrunnen.