Velja fleire celler

Markera eit rektangulært område

Hald museknappen inne og dra frå eit hjørne til det diagonalt motsette hjørnet i området.

Markera ei enkelt celle

Gjer éin av desse:

Markera fleire spreidde celler

Gjer éin av desse:

Bytte merkingsmodus

Trykk på boksen med forklaringane STD / UTV / LEGG TIL på statuslinja for å bytte merkingsmodus.

Feltinnhald

Verknaden av å trykkja med datamusa

STD

Eit museklikk markerer cella du trykte på og fjernar merkinga frå alle andre merka celler.

UTV

Eit museklikk markerer eit rektangulært område frå den gjeldande cella til den cella du trykte på. Du kan også halda nede Shift-tasten og klikka i ei celle.

LEGG TIL

Eit museklikk i ei celle legg cella til dei cellene som er merkte frå før. Klikkar du på ei merkt celle, vert cella fjerna frå utvalet. Du kan alternativt halda nede medan du trykkjer på celler.