Snartastar (tilgjengelege i LibreOffice Calc)
Sjå også snartastlistene til LibreOffice Calc og LibreOffice generelt.
Merkingsmodus for celler
I tekstfelt som har ein knapp for å forminske dialogvindauget, trykk på F2 for å gå inn i merkingsmodus for celler. Vel så mange celler du vil og trykk på F2 for å gjenopprette dialogvindauget.
I merkingsmodus for celler kan du bruka dei vanlege navigeringstastane for å velja celler.
Handtere disposisjonen
Du kan bruka tastaturet i disposisjonen:
-
Trykk på F6 eller Shift + F6 til det loddrette eller vassrette disposisjonsvindauget er i fokus.
-
Tab – gå gjennom alle synlege knappar frå topp til botn eller frå venstre til høgre.
-
Shift + Tab – gå gjennom alle synlege knappar i motsett retning.
-
Cmd + 1 til Cmd + 8Ctrl + 1 til Ctrl + 8 – viser alle nivå opp til det valde talet; gøymer alle høgare nivå.
-
Bruk + og - for å visa eller gøyma disposisjonsgruppa som er i fokus.
-
Trykk på Enter for å bruka knappen som er i fokus.
-
Bruk piltastane Opp, Ned, Venstre eller Høgre for å gå gjennom alle knappane i det gjeldande nivået.
Velja eit teikneobjekt eller eit bilete
-
Vel Vis → Verktøylinjer → Teikning for å opna teiknelinja.
-
Trykk på F6 til teiknelinja er vald.
-
Dersom merkingsverktøyet er vald, trykk på CmdCtrl + Enter. Dette vel det første teikneobjektet eller biletet i arket.
-
Set dokumentet i fokus med CmdCtrl + F6.
Nå kan du bruka Tab for å velja neste teikneobjekt eller bilete og Shift + Tab for å velja det førre.