Innskriving av brøkar

Du kan skriva inn ein brøk i ei celle og bruka han i utrekningar:

Om du skriv inn «0 1/2», vil autorettinga omforme dei tre teikna 1, / og 2 til eitt teikn (½). Det same gjeld for 1/4 og 3/4. Desse erstatningane er definerte i fana Verktøy → Autoretting → Innstillingar for autoretting → Innstillingar

Dersom du vil visa fleirsifra brøkar som for eksempel «1/10», må du byta celleformatet til fleirsifra brøk-vising. Opna lokalmenyen til cella og vel Formater celler. Vel «Brøk» i lista Kategori og vel så «-1234 10/81». Du kan nå skriva inn brøkar som 12/31 eller 12/32 – men brøkane vert forkorta automatisk, så i det siste eksemplet vert resultatet vist som 3/8.