Å rekne med formlar
Alle formlar byrjar med eit likskapsteikn. Formlane kan innehalda tal, tekst, matematiske operatorer, logiske operatorer eller funksjonar.
Hugs at dei enkle matematiske operatorene (+, -, *, /) kan verta brukte i formlar og følgjer regelen «multiplikasjon og divisjon før addisjon og subtraksjon». I staden for å skriva «=SUMMER(A1:B1)» kan du skriva «=A1+B1».
Det kan også brukast parentesar. Formelen «=(1+2)*3» gjev eit anna resultat enn «=1+2*3».
Her er nokre eksempel på formlar i LibreOffice Calc:
=A1+10 |
Viser innhaldet i celle A1 pluss 10. |
=A1*16% |
Viser 16 % av innhaldet i A1. |
=A1 * A2 |
Viser resultatet av å multiplisere innhaldet i A1 med innhaldet i A2. |
=AVRUND(A1;1) |
Viser innhaldet i celle A1 runda av til ein desimal. |
=EFFEKTIV(5%;12) |
Reknar ut den effektive renta for ei årleg nominell rente på 5% med 12 innbetalingar i året. |
=B8-SUMMER(B10:B14) |
Reknar ut B8 minus summen av cellene B10 til B14. |
=SUMMER(B8;SUMMER(B10:B14)) |
Rekner ut summen av cellene B10 til B14 og legg til verdien i B8. |
Det er også mogleg å nøste funksjonar i formlar som vist i eksempelet. Du kan også nøste funksjonar i funksjonar. Funksjonsvegvisaren kan hjelpe deg med nøsta funksjonar.