Sjølvvalde talformat
Du kan lage dine eigne talformat for visinga av tal i LibreOffice Calc.
Dersom du for eksempel vil vise talet 10 200 000 som 10,2 mill. gjer du slik:
-
Merk cellene du vil bruka eit nytt, sjølvvald format på.
-
Vel Format → Celler → Tal.
-
Vel «Brukardefinert» i lista Kategoriar.
-
Skriv denne koden i tekstfeltet Formatkode:
0,0 " mill."
-
Trykk OK.
Denne tabellen viser effekten av avrunding, tusenskilje (.), desimalteikn (,) og plasshaldarane # og 0.
Tal |
,# " mill." |
0,0 " mill." |
# " mill." |
10200000 |
10,2 mill. |
10,2 mill. |
10 mill. |
500000 |
,5 mill. |
0,5 mill. |
1 mill. |
100000000 |
100, mill. |
100,0 mill. |
100 mill. |