Formatera rekneark

Formatera tekst i eit rekneark

  1. Vel den teksten du vil formatera.

  2. Vel dei ønskte teksteigenskapane i Formateringslinja. Du kan også velja Format → Celler. Dialogvindauget Celleeigenskapar kjem fram slik at du kan velja mellom ulike teksteigenskapar på fana Skrift.

Formatera tal i eit rekneark

  1. Marker cellene som inneheld tala du vil formatera.

  2. Trykk på knappane på Formateringslinja for å formatera tal som standardvaluta eller som prosent. For andre format vel du Format → Celler. Du kan velja førehandsvalde format eller definere dine eigne på fana Tal.

Formatera kantlinjer og bakgrunnar for celler og sider

  1. Du kan tildela eit format til ei cellegrupper ved å først merkja cellene (for å merkja fleire cellegrupper, hald nede når du klikkar) og så aktivera dialogen Celleeigenskapar frå Format → Celler. I denne dialogen kan du velja innstillingar som for eksempel tekst med skugge eller velja bakgrunnar.

  2. For å formatera heile reknearket, vel du Format → Side. Her kan du for eksempel setja inn topp- og botntekstar som skal visast på kvar utskriven side.

Merknadsikon

Eit bilete som er lasta inn med Format → Side → Bakgrunn er synleg berre i utskrift og i førehandsvising. Skal biletet også vere synleg på skjermen, må det setjast inn med Set inn → Bilete → Frå fil og plasserast bak cellene ved å velja Format → Still opp → Til bakgrunn. Bruk Dokumentstruktur for å markera bakgrunnsbiletet.