Velja tema for ark

LibreOffice Calc har eit sett med standardtema for formatering som du kan bruka i reknearka dine.

Det er ikkje råd å leggja til tema i Calc og heller ikkje å gjera endringar i eit tema. Men du kan endra stilane etter at du har tatt dei i bruk i eit rekneark.

Før du formaterer eit ark med eit tema, må du slå på minst éin brukardefinert cellestil for cellene i reknearket. Så kan du endra celleformatet ved å velja eit tema i dialogvindauget Temaval

Opna stilhandsamaren og vel «Sjølvvalde stilar» i den nedste boksen for å velja ein sjølvvald stil for ei celle. Det vert då vist ei liste over sjølvvalde stilar som finst frå før. Dobbeltklikk på eit namn i stilhandsamaren for å bruka denne stilen i dei markerte cellene.

Bruka eit tema i eit rekneark:

  1. Trykk på knappen Vel tema i verktøylinja Verktøy.

    Ikon

    Vel tema

    Dialogvindauget Temaval kjem opp. Vindauget viser ei liste over tilgjengelge stilar for heile arket medan stilhandsamaren viser dei sjølvvalde stilane for bestemte celler.

  2. Vel temaet du vil bruka for reknearket i Temaval-vindauget.

  3. Trykk OK

    Så snart du vel eit anna tema i Temaval-vindauget vert nokre av eigenskapane til den eigendefinerte stilen teken i bruk i det gjeldande reknearket. Endringane er synlege i reknearket med ein gong.