Importera og eksportera dBASE-filer

Du kan opna og lagra data i dBASE-formatet (filetternam .dbf) i LibreOffice Base eller eit rekneark. I LibreOffice Base er ein dBASE-database ei mappe som inneheld filer med filetternamnet .dbf. Kvar fil svarar til ein tabell i databasen. Formlar og formatering går tapt når du opnar og lagrar dBASE-filer i LibreOffice.

Importera ei dBASE-fil inn i eit rekneark

  1. Vel Fil → Opna.

  2. Finn dBASE-fila du vil importera.

  3. Trykk på Opna.

    Dialogvindauget Importer dBASE-filer vert opna.

  4. Trykk OK.

    dBASE-fila vert opna som eit nytt Calc-rekneark.

    Åtvaringsikon

    Viss du vil lagra reknearket som ei dBASE-fil, må du ikkje endre eller slette den første rada i den importerte fila. Denne rada inneheld informasjon som krevst i ein dBASE-database.


Importera ei dBASE-fil inn i ein databasetabell

Ein LibreOffice Base-databasetabell er eigentleg ei lenke til ein database.

  1. Vel Fil → Ny → Database.

  2. Skriv inn eit namn for databasen i feltet Filnamn i dialogvindauget Lagra som.

  3. Trykk på Lagra.

  4. Vel «dBASE» i boksen Databasetype i dialogvindauget Databaseeigenskapar.

  5. Trykk på Neste.

  6. Trykk på Bla gjennom.

  7. Finn mappa som inneheld dBASE-filene og trykk på OK.

  8. Trykk på Fullfør.

Å lagra eit rekneark som dBASE-fil

  1. Vel Fil → Lagra som.

  2. Vel «dBASE» i boksen Filformt.

  3. Skriv inn namnet på dBASE-fila i feltet Filnamn.

  4. Trykk på Lagra.

Merknadsikon

Berre dataa i det gjeldande arket vert eksporterte.