Filtrere pivottabellar
Du kan bruka filter for å fjerna uønskte data frå ein pivottabell.
Klikk på knappen Filter i tabellen om du vil opna dialogvindauget for filterinnstillingane. Du kan også opna lokalmenyen for pivottabellen og velja kommandoen Filter der. Då kjem dialogvindauget Filter opp slik at du kan filtrera pivottabellen.
Du kan også klikka på pila på ein knapp i pivottabellen for å få opp ein lokalmeny der du kan redigera visinga i det tilhøyrande feltet.
-
sprettmenyen viser ei liste over feltmedlem som er knytte til feltet. Til venstre for namnet på kvart feltmedlem er det ein avkryssingsboks. Om eit felt har eit alternativt visingsnamn ulikt originalnamnet, vert dette namnet vist i lista.
-
Aktiver eller deaktiver eit avkryssingsfelt for å visa eller gøyma eit feltmedlem i pivottabellen.
-
Aktiver eller deaktiver Alle i avkryssingsfeltet for å visa eller gøyma alle feltmedlemmene i pivottabellen.
-
Vel eit medlem av eit felt i sprettoppvindauget og klikk på knappen
for å vise berre den valde feltmedlemmen. Alle dei andre medlemmane av feltet vert gøymde i pivottabellen. -
For å gøyma berre ein av feltmedlemmane, markerer du feltnummeret i sprettoppmenyen og klikkar på
. Alle andre feltmedlemmar vert viste i pivottabellen. -
Kommandoar set deg i stand til å sortere feltmedlemmar i stigande eller fallande orden eller etter ei brukardefinert liste.
-
For å redigera ei brukardefinert liste, opna LibreOffice → InnstillingarVerktøy → Innstillingar LibreOffice Calc → Sorteringslister.
-
Pila som opnar sprettoppvindauget er til vanleg svart. Når feltet inneheld ein eller fleire gøymde feltmedlemmar, vert pila blå og viser også ein liten firkant i det nedre, høgre hjørnet.
-
Du kan også opna sprettoppvindauget ved at setja cellemarkøren over knappen og trykkja CmdCtrl + D.