Å lage pivottabellar

  1. Plasser markøren i eit celleområde som inneheld verdiar og rad- og kolonne-overskrifter.

  2. Vel Set inn → Pivottabell. Dialogvindauget Vel kjelde kjem då opp. Vel Merkt område og bekreft med OK. Tabelloverskriftene vert viste som knappar i dialogvindauget Pivottabell. Dra desse knappane inn i dei ønskte utformingsområda «Sidefelt», «Kolonnefelt», «Radfelt» og «Datafelt».

  3. Dra knappane inn i eitt av dei fire områda.

Dra ein knapp inn i området Sidefelt for å laga ein knapp og ein listeboks øvst i pivottabellen. Listeboksen brukast for å filtrera pivottabellen med innhaldet i det valde elementet. Du kan dra og sleppe innanfor den genererte pivottabellen for å bruka eit anna sidefelt som filter.

Dersom knappen vert sleppt i området Datafelt vil namnet på knappen verta bytt ut med formelen som vert brukt for å rekna ut dataa.

  1. Du kan endre rekkjefølgja på knappane når som helst ved å flytte dei med datamusa.

  2. Fjern ein knapp ved å dra den tilbake til området med dei andre knappane til høgre i vindauget.

  3. For å opna dialogvindauget Datafelt, dobbeltklikkar du på ein av knappane i områda Radfelt eller Kolonnefelt. Bruk dialogen til å velja om og i kva omfang LibreOffice skal rekna ut dei viste mellomresultata.

Lukk dialogvindauget for pivottabellen ved å trykka OK. Det vert nå sett inn ein Filter-knapp, eller ein sideknapp for kvart datafelt du har lagt i området Sidefelt. Pivottabellen vert sett inn lenger nede.

Opna fil med eksempel: