Filtrere celleområde
Du kan bruka fleire filter for å filtrere celleområde i rekneark. Eit standardfilter bruker innstillingane du spesifiserer for å filtrere data. Eit autofilter filtrerer data i høve til ein bestemt verdi eller ein streng. Eit avansert filter bruker filterkriteria frå spesifiserte celler.
Bruka eit standardfilter på eit celleområde
-
Trykk i eit celleområde.
-
Vel
. -
I dialogvindauget Standardfilter bestemmer du kva filterinnstillingar du vil ha.
-
Trykk OK.
Postane som samsvarar med filterinnstillingane du valde vert viste.
Slik bruker du autofilter på eit celleområde
-
Trykk i eit celleområde eller eit databaseområde.
Dersom du vil bruka fleire autofilter på same arket, må du først definera databaseområda og så slå på autofiltra for databaseområda.
-
Vel
.Det vert lagt til ein pilknapp til kvar kolonneoverskrift i databaseområdet.
-
Trykk på pila i kolonnen som inneheld verdiane eller strengene du vil bruka som filterkriteria.
-
Vel verdien eller strengen du vil bruka som filterkriterie.
Postane som passar med dei valde filterkriteria vert viste.
Fjerne eit filter frå eit celleområde
-
Trykk i eit filtrert celleområde.
-
Vel
.