Definere eit databaseområde

Du kan definere at eit celleområde i reknearket skal brukast som ein database. Kvar rad i området tilsvarer ein databasepost og kvar celle i ei rad tilsvarer eit databasefelt. Du kan sortere, gruppere, søke og gjere utrekningar på området på same måte som i ein database.

Åtvaringsikon

Du kan berre endra og har berre tilgang til eit databaseområde i det reknearket som inneheld området. Du har ikkje tilgang til databaseområdet i LibreOffice Datakjelder.


Å lage eit databaseområde

  1. Merk dei cellene du vil bruka som eit databaseområde.

  2. Vel Data → Vel område.

  3. Skriv inn eit namn på databaseområdet i skrivefeltet Namn.

  4. Trykk på Meir.

  5. Vel innstillingane for databaseområdet.

  6. Trykk OK.