Celler i valutaformat

I LibreOffice Calc kan du bruka valutaformat på alle tal. Når du trykkjer på knappen Valuta Ikon på menylinja Formatering vert den merkte cella formatert ut frå innstillingane sette i → Språkinnstillingar → Språk.

Merknadsikon

Utveksling av LibreOffice Calc-dokument kan føra til misforståinga dersom LibreOffice Calc-dokumentet vert opna med eit anna standardformat for valuta.


I LibreOffice Calc kan du bestemma at eit tal du har formatert som «kr 1 234,50» skal vera kroner i eit anna land og ikkje verta endra til for eksempel dollar.

Du kan endra valutaformatet i dialogvindauget Formater celler (vel fana Format → Celler → Tal) med innstillingar for to land. I nedtrekksmenyen for Språk vel du innstillingane for desimal- og tusenskilje. I lista Format kan du velja valutasymbol og plasseringa av det.

  1. Dersom språkinnstillinga er set til «Standard» og du arbeider på ein tysk maskin så vil valutaformatet vere «1.234,00 €». Altså med punktum (.) som tusenskilje og komma (,) som desimalskilje. Dersom du vel det underordna valutaformatet «$ English (US)» frå nedtrekksboksen Format vert formatet «$ 1.234,00». Som du ser, er seperatorane dei same, men valutasymbolet er forandra. Berre valutasymbolet vert endra, ikkje seperatorane.

  2. Dersom du konverterer cellene til «engelsk (US)» under Språk, vert det engelske språket for lokale innstillingar også overførte og standardvalutaformatet er nå «$ 1,234.00».