Slå saman data

Når du slår saman data, vert innhaldet i celler frå fleire ark slått saman på ein stad.

Slik kombinerer du celleinnhald

  1. Opna dokumentet som inneheld celleområda som skal slåast saman.

  2. Vel Data → Slå saman for å opna dialogvindauget Slå saman.

  3. Vel eit kjededataområde som skal slåast saman med andre område frå listeboksen Kjeldedataområde.

    Dersom området ikkje har eit namn, trykk i feltet ved sida av Kjeldedataområdet. Det kjem fram ein blinkande tekstmarkør. Skriv inn ein referanse til det første kjeldedataområdet eller marker området med datamusa.

  4. Trykk på Legg til for å setja det markerte området inn i feltet Område for samanslåing.

  5. Marker fleire område og trykk på Legg til etter kvar markering.

  6. Du vel kvar du vil vise resultatet ved å velja eit målområde i boksen Kopier resultatet til.

    Dersom området ikkje har eit namn, trykk i feltet ved sida av Kopier resultatet til. Det kjem fram ein blinkande tekstmarkør. Du kan då anten skrive inn ein referanse til målområdet, markera området med datamusa eller setja markøren i den øvre, venstre cella i målområdet.

  7. Vel ein funksjon frå Funksjon-feltet. Funksjonen spesifiserer korleis verdiane for konsolideringsområda skal lenkast. Funksjonen «Sum» er standardinnstillinga.

  8. Trykk på OK for å slå saman områda.

Fleire innstillingar

Trykk på Meir i dialogvindauget Slå saman for å vise fleire val:

Dataa i kjelde- og målområda vert lagra når du lagrar dokumentet. Dersom du seinare opnar dokumentet der samanføyinga vart definert, er dataa tilgjengelege igjen.