Bruka vilkårsformatering

Ved å bruka menykommandoen Format → Vilkårsformatering, vil dialogvindauget gje deg høve til å definera vilkår for kvar celle. Desse vilkåra må oppfyllast for at dei valde cellene skal få eit bestemt format.

Åtvaringsikon

For å kunne bruka vilkårsformatering må automatisk utrekning vera slått på. Dett gjer du via Data → Rekn ut → Autorekning. Du vil sjå eit merke framføre kommandoen når autorekning er slått på.


Med hjelp av vilkårsformatering kan du for eksempel utheva summar som er høgare enn gjennomsnittsverdien av alle summane. Dersom totalane endrar seg, vert formateringa endra tilsvarande uten at du må byta stil manuelt.

Å lage vilkåra

  1. Merk cella du vil bruka vilkårsformatering på.

  2. Vel Format → Vilkårsformatering.

  3. Skriv inn vilkåra i dialogvindauget. Du finn ei detaljert beskriving av vindauget i LibreOffice hjelp. Eit eksempel er vist nedanfor.

Eksempel på betinga formatering: Uthev verdiar som avvik frå gjennomsnittet.

Steg 1: Lag talverdiar

Du ønskjer å utheva bestemte verdiar i tabellane. For eksempel i ein tabell over omsetning kan du visa alle verdiane over gjennomsnittet i grønt og alle under gjennomsnittet i raudt. Dette er mogleg med vilkårsformatering.

  1. Fyll først inn ein tabell med nokre få, ulike verdiar. For denne testen kan du laga ein tabell med tilfeldige tal:

    I ei av cellene skriv du inn formelen =TILFELDIG() som vil setja inn eit tilfeldig tal mellom 0 og 1. Ønskjer du heiltal mellom 0 og 50 skriv du =HEILTAL(TILFELDIG()*50).

  2. Kopier formelen for å lage ei rad med tilfeldige tal. Dra handtaket nederst til høgre i cella mot høgre til du har merkt det ønskte celleområdet.

  3. På same måten som ovanfor, dra handtaket på cella lengst til høgre i utvalet nedover for å laga fleire rader med tilfeldige tal.

Steg 2: Definer cellestilar

Det neste steget er å leggja til ein cellestil til alle verdiar som er høgare enn snittet, og ein annan stil til dei som er under. Syt for at stilhandsamaren er synleg før du går vidare.

  1. Klikk i ei tom celle og vel kommandoen Formater celler i lokalmenyen.

  2. Marker ein bakgrunnsfarge i fana Bakgrunn i dialogvindauget Formater celler. Trykk deretter på OK.

  3. Øvst i vindauget for stilhandsamaren finn du knappen Ny stil frå utval. Trykk på denne. Skriv inn eit namn på stilen, for eksempel «over» i dette eksempelet.

  4. For å lage den andre stilen, trykkjer du på ei tom celle og gjer resten på same måten som ovanfor. Vel ein annan bakgrunnsfarge og gje stilen eit namn (for eksempel «Under»).

Steg 3: Rekne ut gjennomsnitt

I dette eksemplet skal vi rekne ut gjennomsnittet av tilfeldige verdiar. Resultatet plasserer vi i ei celle:

  1. Set markøren i ei tom celle, for eksempel J14, og vel Set inn → Funksjon.

  2. Vel funksjonen GJENNOMSNITT. Bruk datamusa til å markera slumptala. Om du ikkje kan sjå heile området fordi funksjonsvegvisaren er i vegen, kan du krympa vindauget mellombels ved hjelp av knappen Skalering.

  3. Lukk funksjonsvegvisaren ved å trykkja OK.

Steg 4: Bruka cellestilar.

Nå kan du slå på vilkårsformatering for arket:

  1. Marker alle cellene med dei tilfeldige tala.

  2. Opna kommandoen Format → Vilkårsformatering for å opna det tilhøyrande dialogvindauget.

  3. Set vilkåret slik: Viss celleverdien er mindre enn J14, bruk cellestilen «Under», og viss celleverdien er større enn eller lik J14, bruk cellestilen «Over».

Steg 5: Kopier cellestil

Dersom du seinare vil bruka vilkårsformateringa på andre celler, gjer du slik:

  1. Trykk på ei av cellene som bruker vilkårsformateringa.

  2. Kopier cella til utklippstavla.

  3. Merk cellene som skal bruka same formateringa.

  4. Vel Retiger → Lim inn utval. Dialogvindauget Lim inn utval kjem opp.

  5. Marker berre feltet Format i området Utval. Ingen andre felt må vera markerte. Klikk på OK.