Tildela format med formlar
Funksjonen STIL() kan leggjast til ein formel som finst frå før i ei celle. For eksempel saman med funksjonen GJELDANDE kan du fargeleggja ei celle avhengig av verdien i cella. Formelen «=…+STIL(VISS(GJELDANDE()>3;"Raud";"Grøn"))» vil setja cellestilen «Raud» dersom verdien av cella er over 3, elles vert cellestilen «Grøn» brukt.
Dersom du ønskjer å bruka ein bestemt formel i alle cellene i eit markert område, kan du bruka dialogvindauget
.-
Marker dei ønskte cellene.
-
Vel menykommandoen Rediger → Søk og byt ut.
-
Skriv inn * i feltet .
«.*» er eit regulært uttrykk som peikar ut innhaldet i den gjeldande cella.
-
Skriv inn denne formelen i feltet =&+STIL(VISS(GJELDANDE()>3;"Raud";"Grøn"))
:Symbolet «&» peiker ut det gjeldande innhaldet i feltet Søk etter. Sidan dette er ein formel, må linja byrje med eit likskapsteikn. Det er ein føresetnad at cellestilane «Raud» og «Grøn» finst frå før.
-
Merk feltaRegulært uttrykk og Berre gjeldande utval. Klikk på Finn alle.
Alle cellene med innhald i det valde området vert nå utheva.
-
Trykk på
.