Referanse til nettadresser

Dersom du for eksempel finn ei nettside som inneheld børsinformasjon i reknearkceller, kan du lasta denne sida inn i LibreOffice Calc ved å gjera slik:

  1. Set markøren i ei celle der du vil setja inn eksterne data i eit LibreOffice Calc-dokument.

  2. Vel Ark → Lenkje til eksterne data. Du får då opp dialogvindauget Eksterne data.

  3. Skriv inn nettadressa for dokumentet eller nettsida i dialogvinsauget. Adressa må vera i formatet «http://www.min-bank.no/tabell.html». Adressa til lokale filer eller lokale nettverksfiler er stien som du kan sjå i dialogvindauget Filer → Opna.

    LibreOffice lastar ned nettsider eller filer «i bakgrunnen», altså utan å vise nedlastinga. I den store nedtrekkslista i dialogvindauget Eksterne data kan du sjå namna på alle arka eller namngjevne område du kan velja frå.

  4. Vel eit eller fleire ark eller namngjevne område. Du kan også aktivera automatisk oppdatering kvart «n» sekund og trykkja på OK.

    Innhaldet vert set inn som lenkjer i LibreOffice Calc-dokumentet.

  5. Lagra reknearket. Når du opnar det igjen seinare, oppdaterer LibreOffice Calc cellene med lenker ved hjelp av ein førespurnad.

  6. Under LibreOffice Calc → Generelt kan du velja om lenkjene alltid skal oppdaterast ved opninga, oppdaterast på oppmoding eller aldri oppdaterast. Du kan også oppdatere frå dialogvindauget i Rediger → Lenkjer.