Referere til andre ark

I ei arkcelle kan du vise referansar til celler i andre ark.

Du kan også referere til celler i andre dokument på same måte dersom dokumentet tidlegare er lagra som ei fil.

Slik refererer du ti ei celle i det same dokumentet

  1. Opna eit nytt, tomt rekneark.

  2. Skriv for eksempel inn denne formelen i cella A1 i Tabell1:

    =Ark2.A1

  3. Klikk på fana Ark2 nedst i reknearket. Set markøren i celle A1 på dette arket og skriv inn ein tekst eller eit tal.

  4. Om du nå går tilbake til ark 1, vil du sjå det same innhaldet i celle A1 på dette arket også. Dersom innhaldet i celle Ark2.A1 vert endra, vil innhaldet i Ark1.A1 endra seg tilsvarande.

Å referere til ei celle i eit anna dokument

  1. Vel Fil → Opna for å hente inn eit eksisterande rekneark.

  2. Vel Fil → Ny for å opna eit nytt rekneark. Set markøren i den cella der du vil setja inn dei eksterne dataa og skriv inn likskapsteiknet som viser at du vil skriva inn ein formel.

  3. Bytt til dokumentet du nettopp lasta inn. Trykk på cella med data som du vil setja inn i det nye dokumentet.

  4. Bytt tilbake til det nye reknearket. I innskrivingsfeltet kan du nå sjå at LibreOffice Calc har lagt til referansen i formelen for deg.

    Referansar til celler i andre dokument inneheld namnet på det andre dokumentet i apostrofar ('), så firkantteiknet #, deretter namnet på arket i det andre dokumentet og etter det eit punktum og namnet på cella.

  5. Bekreft formelen ved å trykkja på den grøne haken.

  6. Viss du drar i handtaket nedst til høgre i den aktive cella og markerer eit celleområde, set LibreOffice automatisk inn tilsvarande referansar i nabocellene. Eit resultat av dette er at eit dollarteikn vert sett inn framføre arknamnet for å visa at dette er ein absolutt referanse.

Viss du ser på namnet til det andre dokumentet i formelen, kan du sjå at det er skrive som ei adresse (URL). Det betyr at du også kan skriva inn ei internettadresse.