Referere til celler ved å dra og sleppe
Ved hjelp av dokumentstruktur kan du lage referansar frå celler i eitt ark til eit anna ark i det same reknearket eller i eit anna rekneark. Cellene kan setjast inn som ein kopi, ei lenke eller ei hyperlenke. Området som skal setjast inn må vere definert med namn i den opphavlege fila slik at det kan setjast inn i målfila.
-
Opna dokumentet som inneheld kjeldecellene.
-
For å gjera kjeldeområdet til dette området, markerer du cellene og vel Ark → Set inn namngjevne område og uttrykk → Skriv inn. Lagra dokumentet, men ikkje lukk det.
-
Opna arket som du vil setja noko inn i.
-
Opna dokumentstrukturen. Vel kjeldefil i boksen nedst i dialogvindauget.
-
I dokumentstrukturen vert kjeldeområdet vist i «Områdenamn».
-
Trykk på knappen Dra-modus i dialogvindauget for dokumentstrukturen og vel om referansen skal vere ei hyperlenke, ei lenke eller ein kopi.
-
Trykk på namnet i «Områdenamn» i dokumentstrukturen og dra det inn i cella der du vil setja inn referansen.
Du kan også bruka denne metoden for å setja inn eit område frå eit anna ark i det same dokumentet som det gjeldande arket. Vel det aktive dokumentet som kjelde i steg 4 ovanfor.