Kopiere berre synlege celler

Tenk deg at du har gøymd nokre rader i eit celleområde og vil kopiera, sletta eller formatera berre dei synlege cellene.

Måten LibreOffice handterer cellene på er avhengig av om cellene vart gjort usynlege av eit filter eller manuelt.

Framgangsmåte

Resultat

Cellene vart filtrerte av eit autofilter, standardfilter eller avansert filter.

Kopier, slett, flytt eller formater eit utval av synlege celler.

Berre dei synlege cellene i utvalet vert kopierte, sletta, flytta eller formaterte.

Cellene vart gøymde ved å bruka kommandoen Gøym i lokalmenyen for rad- eller kolonneoverskrifta eller gjennom ei utheving.

Kopier, slett, flytt eller formater eit utval av synlege celler.

Alle cellene i utvalet, inklusive gøymde celler, vert kopierte, sletta, flytt eller formaterte.