Verne celler mot endringar

I LibreOffice Calc kan du verna ark og dokument samla. Du kan velja om celler skal vera verna mot tilfeldige endringar, om formlar skal visast i Calc, om celler er synlege og om celler kan skrivast ut.

Vernet kan bruka passord, men det er ikkje nødvendig. Om du har vald eit passord, kan vernet berre verta slått av når korrekt passord er brukt.

Merk at cellevernet for celler som er sett til å vera Verna berre er effektivt når du vernar heile arket. I utgangspunktet er alle cellene sett med innstillinga Verna. Du må difor fjerna denne innstillinga for dei cellene brukaren skal ha lov til å gjere endringar i. Deretter vernar du heile arket og lagrar det.

Åtvaringsikon

Desse vernefunksjonane er berre brytarar som skal hindra tilfeldige handlingar. Dei er ikkje tenkt å gje sikkert vern. For eksempel kan ein brukar lett omgå vernet ved å eksportera arket til eit anna filformat. Det einaste sikre vernet er å bruka passord som du legg til når du lagrar OpenDocument-filer. Ei fil som er lagra med passord kan berre opnast ved å bruka det same passordet.


  1. Merk dei cellene du vil setja celleverninnstillingane for.

  2. Vel Format → Celler og klikk på Cellevern.

  3. Vel dei verneinnstillingane du vil bruka. Innstillingane vert aktiverte først etter at du har verna arket via verktøymenyen - sjå nedanfor.

    Fjern merkinga Verna for å gje brukarane lov til å gjera endringar i det gjeldande arket.

    Marker for Verna for å hindra at innhaldet og formatet i ei celle vert endra.

    Kryss av for Gøym formel for å verna formlar mot endringar.

    Kryss av for Gøym ved utskrift for å gøyma verna celler ved utskriving av dokumentet. Cellene er likevel synlege på skjermen.

  4. Trykk OK.

  5. Bruk verneinnstillingane.

    For å verna cellene mot å verta endra/viste/utskrivne i høve til slik du har sett det i Formater → Celler, vel Verktøy → Vern ark.

    For å hindra at dokumentstrukturen vert endra, for eksempel talet og namn på ark og rekkjefølgja på arka, vel du Verktøy → Vern reknearket.

  6. (Valfritt) Skriv inn eit passord

    Åtvaringsikon

    Dersom du gløymer passordet, kan du ikkje slå av vernet. Vil du berre verne celler mot tilfeldige endringar, slå på vern av ark, men utan å skriva inn passord.


  7. Trykk OK.