Skrive inn verdiar

I Calc kan du forenkla innskrivinga av data og verdiar i fleire celler. Ved å endra nokre verdiar, kan du få det slik du helst vil ha det.

Manuell innskriving av verdiar i eit område

Det er to funksjonar som kan vere til hjelp når du skriv inn data i eit celleområde.

Områdegjenkjenning for nye rader

I rada under ei overskriftsrad kan du gå frå ei celle til den neste med Tabulator-tasten. Etter at du har skrive inn ein verdi i den siste cella i ei rad, trykkjer du på Enter. Calc flytter markøren nedanfor den første cella i området du arbeider i.

oppdage område

Trykk på Tab i rad 3 for å gå frå celle B3 til C3, D3 og E3. Trykk så på Enter for å gå til B4.

Val av område

Bruk dra og slepp for å markera eit område der du vil skriva inn verdiar, men byrja med å dra i den siste cella i område og slepp museknappen når du er på den første cella. Nå kan du byrja å skriva inn verdiar. Trykk alltid på Tabulator-tasten for å gå til neste celle. Då forlet du ikkje det valde området.

områdeval

Vel området frå E7 til B3. Nå kan du skrive inn ein verdi i B3. Trykk Tab-tasten for å gå til neste celle i det valde området.

Automatisk innskriving av verdiar i eit celleområde

Se Fylle inn data automatisk basert på naboceller.