Vel bakgrunnsfargar eller bakgrunnsbilete

Du kan definera ein bakgrunnsfarge eller bruka eit bilete som bakgrunn i celleområde i LibreOffice Calc.

Bruka bakgrunnsfarge i eit LibreOffice Calc-rekneark

  1. Marker cellene.

  2. Vel Format → Celler (eller Format celler frå lokalmenyen).

  3. Vel bakgrunnsfarge på fanesida Bakgrunn

Bakgrunnsbilete i celler

  1. Vel Set inn → Bilete → Frå fil.

  2. Vel grafikkfila og trykk på Opna.

    Biletet vert set inn og forankra til den gjeldande cella. Du kan flytta og skalere biletet som du ønskjer. Vil du setja biletet i bakgrunnen, kan du bruka kommandoen Still opp → Til bakgrunn til dette. For å markera bilete som er flytt til bakgrunnen, kan du bruka .