Bruka automatisk formatering på eit markert celleområde

Du kan bruka autoformatering for raskt å ta i bruk eit format på eit ark eller eit markert celleområde.

Slik bruker du autoformat på eit ark eller eit markert celleområde

  1. Marker cellene, også kolonne- og radoverskriftene, som du vil formatera.

  2. Vel Format → Autoformatering.

  3. For å velja kva eigenskapar som skal brukast i autoformat, trykk Fleire.

  4. Trykk OK.

    Formatet vert brukt på det markerte celleområdet.

Merknadsikon

Dersom du ikkje ser noko endring i fargen på celleinnhaldet, vel Vis → Verdimerking.


Å definere eit autoformat for rekneark

Du kan definere ei autoformatering som er tilgjengeleg for alle reknearka.

  1. Formatera eit ark.

  2. Rediger Rediger → Merk alt.

  3. Vel Format → Autoformatering.

  4. Klikk på Legg til.

  5. Skriv inn eit namn på formatet i Namn i innskrivingsboksen Legg til autoformat.

  6. Trykk OK.