Kjenna igjen namn som adresser

Du kan bruka celler med tekst for å referera til radene eller kolonnane som inneheld cella.

Eksempelrekneark

I eksempelet kan du bruka tekststrengen 'Kolonne ein' i ein formel for å referera til celleområdet B3 til B5 eller 'Kolonne to' for celleområdet C2 til C5. Du kan også bruka 'Rad ein' for celleområdet B3 til D3 eller 'Rad to' for celleområdet B4 til D4. Eit eksempel på ein formel som bruker eit cellenamn er SUMMER('Kolonne ein') som gjev resultatet 600.

Denne funksjonen er normalt aktiv. For å slå denne funksjonen av vel - LibreOffice Calc - Rekn ut og fjern merket for Finn kolonne- og radoverskrifter automatisk.

Tipsikon

Dersom du ønskjer at Calc skal kjenna igjen eit namn automatisk, må namnet byrja med ein bokstav og resten av namnet vere set saman av alfanumeriske teikn. Skriv du namnet på sjølve formelen, må dette setjast mellom enkle hermeteikn ('). Dersom namnet inneheld eit enkelt hermeteikn (i staden for apostrof), må du skriva bakoverstrek framføre hermeteiknet, slik 'Harry\'s Bar'.