Handtering av tomme celler

I eldre programversjonar vart tomme celler sett til talet 0 i nokre samanhengar og til ein tom streng i andre samanhengar unntatt i direkte samanlikningar der =A1=0 og =A1="" begge resulterte i SANN dersom A! var tom. Nå vert den tome cella handtert som ei tom celle til ho vert brukt. Både FINN.RAD(…)=0 og FINN.RAD(…)="" gjev såleis SANN dersom oppslaget resulterer i ei tom celle.

Ein enkel referanse til ei tom celle vert framleis vist som talet 0, men er ikkje nødvendigvis numerisk. Samanlikningar med den refererte cella fungerer difor som venta.

For det følgjande eksempelet. A1 inneheld eit tal, B1 er tom, C1 inneheld referanse til B1.

A1: 1 B1: <tom> C1: =B1 (viser 0)

=B1=0 => SANN

=B1="" => SANN

=C1=0 => SANN

=C1="" => SANN (var tidlegare USANN)

=ERTAL(B1) => USANN

=ERTAL(C1) => USANN (var tidlegare SANN)

=ERTAL(FINN.RAD(1;A1:C1;2)) => USANN (B1)

ERTAL(FINN.RAD(1;A1:C1;3)) => USANN (C1, var tidlegare SANN)

=ERTEKST(B1) => USANN

=ERTEKST(C1) => USANN

=ERTEKST(FINN.RAD(1;A1:C1;2)) => USANN (B1, var tidlegare SANN)

=ERTEKST(FINN.RAD(1;A1:C1;3)) => USANN (C1)

=ERTOM(B1) => SANN

=ERTOM(C1) => USANN

=ERTOM(FINN.RAD(1;A1:C1;2)) => SANN (B1, var tidlegare USANN)

=ERTOM(FINN.RAD(1;A1:C1;3)) => USANN (C1)

Merknadsikon

Merk at Microsoft Excel oppfører seg annleis og alltid returnerer eit tal som resultatet av ein referanse til ei tom celle eller til ei formelcelle med resultatet frå ei tom celle. For eksempel:


A1: <tom>

B1: =A1 => viser 0, men er berre ein referanse til ei tom celle

=ERTAL(A1) => USANN

=ERTEKST(A1) => USANN

=A1=0 => SANN

=A1="" => SANN

=ERTAL(B1) => USANN (Microsoft-Excel: SANN)

=ERTEKST(B1) => USANN

=B1=0 => SANN

=B1="" => SANN (Microsoft Excel: USANN)

C1:=FINN.RAD(…) med tom celle som resultat => viser tom (Microsoft-Excel: viser 0)

=ERTAL(FINN.RAD(...)) => USANN

=ERTEKST(FINN.RAD(…)) => USANN

=ERTAL(C1) => USANN (Microsoft Excel: SANN)

=ERTEKST(C1) => USANN