Feilkoder i LibreOffice Calc

Denne tabellen gjev ei oversikt over feilmeldingane i LibreOffice Calc. Dersom feilen oppstår i den cella markøren er i, vert feilmeldinga vist på statuslinja.

Feilkode

Melding

Forklaring

###

ingen

Cella er ikkje brei nok til å vise innhaldet.

501

Ugyldig teikn

Det er eit ugyldig teikn i formelen.

502

Ugyldig argument

Argumentet i funksjonen er ugyldig. Det kan t.d. vere at eit negativt tal er lagt inn i funksjonen KVROT(). Bruk i tilfelle IMROT() i staden.

503
#NUM!

Ugyldig flyttalsoperasjon

Ei utrekning resulterer i ein verdi som går ut over det definerte verdiområdet.

504

Parameterlistefeil

Ugyldig funksjonsparameter. For eksempel tekst i staden for tal eller ein områdereferanse i staden for ein cellereferanse.

508

Feil: Manglar parentes

Manglande parentes, for eksempel sluttparentesar, men ingen startparentesar

509

Manglar operator

Operator mangler, for eksempel «=2(3+4) * », der operatoren mellom «2» og «(» manglar.

510

Manglande variabel

Variabel manglar, for eksempel når to operatorer er saman «=1+*2».

511

Manglande variabel

Funksjonen krev fleire variablar enn det som er gjeve, for eksempel OG() og ELLER().

512

Formeloverflyt

Kompilator: det samla talet på teikn (dvs. operatorar, variablar, parentesar) i formelen er meir enn 8192.

513

Strengoverflyt

Kompilator: ein identifikator i formelen er større enn 64 kB. Fortolkar: resultatet av ein strengoperasjon er større enn 64 kB.

514

Intern overflyt

Sorteringsoperasjon har prøvd på for mange numeriske data (maks. 100 000) eller fekk utrekningsstabelloverflyt.

516

Intern syntaksfeil

Berekningstabellen venter ei matrise, men denne er ikkje tilgjengeleg.

517

Intern syntaksfeil

Ukjent kode. Det kan t.d. vere at eit dokument med ein nyare funksjon er lese inn i ein eldre versjon som ikkje har denne funksjonen.

518

Intern syntaksfeil

Variabel er ikkje tilgjengeleg

519
#VERDI

Ingen resultat (cella inneheld #VERDI i staden for Err:519!)

Formelen gjev ein verdi som ikkje stemmer med definisjonen, eller ei celle det er referert til i formelen inneheld tekst i staden for eit tal.

520

Intern syntaksfeil

Kompilatoren lagar ein ukjend omsetjingskode.

521

Intern syntaksfeil

Ingen resultat

522

Sirkelforma referanse

Formelen refererer direkte eller indirekte til seg sjølv og sirkelreferansar er ikkje set i - LibreOffice Calc → Utrekning.

523

Utrekningsprosedyren konvergerer ikkje

Funksjon hoppa over ein målverdi eller sirkulære referansar oppnår ikkje den minimale endringa innføre det maksimale talet på steg set.

524
#REF

ugyldige referansar (i staden for Err:524 inneheld cella #REF)

Kompilator: det var ikkje råd å finne namnet på ei kolonne- eller radbeskriving. Tolk: formelen, kolonnen, rada eller arket som inneheld ei celle det er referert til manglar.

525
#NAMN?

ugyldig namn (i staden for Err:525 inneheld cella #NAMN?)

Ein identifikator kunne ikkje vurderast. For eksempel ingen gyldig referanse, ikkje gyldig domenenamn, ingen kolonne-/radetikett, ingen makro, feil desimalteikn, tillegg ikkje funne.

526

Intern syntaksfeil

Forelda og ikkje lenger i bruk. Kan kome frå gamle dokument dersom resultatet er ein formel frå eit domene.

527

Intern overflyt

Fortolkar: Referansane er altfor innekapsla, t.d. når ei celle refererer til ei celle.

532
#DIV/0!

Deling med null

Divisjonsoperator med nemnaren lik 0
Det finst fleire funksjonar som returnerer denne feilen, for eksempel
VARIANSP med mindre enn 1 argument
STDAVP med mindre enn 1 argument
VARIANS med mindre enn 2 argument
STDAV med mindre enn 2 argument
NORMALISER med standardavvik = 0
NORMALFORDELING med standardavvik=0