Summer

Legg summen av eit celleområde inn i den gjeldande cella eller set summerte verdiar inn i markerte celler. Klikk i ei celle, trykk på denne knappen og eventuelt juster celleområdet. Du kan også velja nokre celler som dei summerte verdiane skal setjast inn i og deretter klikka denne knappen.

Ikon

Summer

LibreOffice føreslår automatisk eit celleområde dersom reknearket inneheld data. Dersom celleområdet inneheld ein summer-funksjon frå før, kan du kombinera han med ein ny ein for å få totalsummen av området. Dersom området inneheld filter, vert Delsum-funksjonen sett inn i staden for Summer-funksjonen.

Trykk på knappen Godta (grønt sjekkmerke) for å bruka formelen vist i inndatalinja.