Problemløysar

Opnar dialogvindauget for problemløysaren. Ein problemløysar gjer det mogleg å løyse likningar med mange ukjende variablar ved hjelp av målsøkingsmetodar.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Verktøy → Løysar


Å løyse likningar med problemløysaren

Føremålet med problemløysingsprosessen er å finne kva variabelverdiar i ei likning som resulterer i ein optimal verdi i målcella eller «målet» som det også vert kalla. Du kan velja om verdien i målcella skal vere ein maksimums- eller minimumsverdi, eller så nær som råd er til ein gjeven verdi.

Startverdiane for variablane vert sette inn i eit rektangulært celleområde som du skriv inn i feltet Ved å endra celler.

Du kan definera ein serie med avgrensingar for ein del av cellene. Du kan for eksempel bestemma at ein av variablane eller ei av cellene ikkje må vera større enn ein annan variabel eller ein bestemt verdi. Eller du kan bestemma at ein eller fleire variablar må vera heiltal (tal utan desimalar) eller må vera binær (der berre 0 og 1 er tillatne).

Merknadsikon

Den vanlege problemløysaren har berre støtte for lineære likningar.