ARBEIDSDAGAR.INTL

Resultatet er eit datotal som kan formaterast som ein dato. Brukaren kan sjå datoen for ein dag som er eit bestemt tal på arbeidsdagar frå startdatoen (før eller etter). Det er høve til å definere helger og fridagar. Den valfrie helge-parameteren (eller ein tekststreng) kan nyttast til å definere helgedagane (eller fridagane i veka kvar veke). Brukaren kan også velja å definere ei liste med fridagar. Helgedagane og dei brukardefinerte fridagane er ikkje talde med som arbeidsdagar.

Syntaks

ARBEIDSDAGAR.INTL(StartDato; Dagar; Helg; Fridagar)

StartDato er den første datoen som utrekninga vert gjort for. Dersom startdatoen er ein arbeidsdag, vert også denne datoen tatt med i utrekninga. Dette er nødvendig.

Dagar er talet på arbeidsdagar. Ein positiv verdi står for dagar etter startdagen, ein negativ verdi for dagar før startdagen.

Vekeslutt er ein valfri parameter – eit tal eller ein streng som vert brukt for å visa kva dagar som høyrer til vekeslutt og såleis ikkje er arbeidsdagar. Vekeslutt er eit tal eller ein streng som viser når det er vekeslutt. Talverdiane indikerer desse vekesluttdagane:

Tal 1 til 7 for to-dagars vekeslutt og 11 til 17 for eitt-dags vekeslutt.

Tal

Helg

1 eller ingen

Laurdag og søndag

2

Søndag og måndag

3

Måndag og tysdag

4

Tysdag og onsdag

5

Onsdag og torsdag

6

Torsdag og fredag

7

Fredag og laurdag

11

Berre søndag

12

Berre måndag

13

Berre tysdag

14

Berre onsdag

15

Berre torsdag

16

Berre fredag

17

Berre laurdag


Ein annan måte å definere fridagar på er å bruka helgestrenger. Strenge må ha sju (7) teikn – null (0) for arbeidsdagar og ein (1) for fridagar. Kvart tal representerer ein vekedag. Første dagen er måndag. Strengen «1111111» kan ikkje brukast. Strengen «0000011» definerer laurdag og søndag som fridagar.

Fridagar er ei valfri liste med datoar som er fridagar. Lista kan gjevast som eit celleområde.

Eksempel

Kva dato kjem 20 arbeidsdagar etter 13. desember 2016? Skriv inn startdatoen i C3 og talet på arbeidsdagar i D3.

Helgeparameteren (eit tal) kan vere tom eller definerast som 1 for standard fridagar – laurdag og søndag.

Cellene F3 til J3 inneheld fem (5) fridagar i jula og nyttåret i datoformatet: 24. desember 2016; 25 desember 2016; 26. desember 2016; 31. desember 2016; 1. januar 2017.

=ARBEIDSDAG.INTL(C3;D3;;F3:J3) returnerer 11. januar 2017 i resultatcella, for eksempel D6. (Bruk datoformat for cella).

Bruk helgeparameteren 7 for å definere fredag og laurdag som fridagar.

=ARBEIDSDAG.INTL(C3;D3;7;F3:J3) returnerer 15. januar 2017 med 7 som helgeparameter.

Bruk helgeparameteren 11 for å definere søndag som einaste fridag.

=ARBEIDSDAG.INTL(C3;D3;11;F3:J3) returnerer 9. januar 2017.

Alternativt kan strengen "0000001" brukast for søndag som einaste fridag.

=ARBEIDSDAG.INTL(C3;D3;"0000001";F3:J3) returnerer 9. januar 2017.

Funksjonen kan brukast utan dei to valfrie parametera – vekedag og fridagar – ved å sløyfa dei:

=ARBEIDSDAG.INTL(C3;D3) gir resultatet: 10. januar 2017.