VEKEDAG

Returnerer vekedagen for den gjevne datoverdien. Dagen vert returnert som eit heiltal mellom 1 (søndag) og 7 (laurdag) dersom type ikkje er spesifisert eller at type = 1. Sjå tabellen nedanfor for dei andre typane.

Syntaks

VEKEDAG(Tal; Type)

Tal er som datoverdi eit desimaltal for vekedagen som skal returnerast.

Type er valfri og bestemmer kva utrekningstype som skal brukast.

Type

Returnerte nummeret på vekedagen

1 eller ingen

1 (søndag) til 7 (laurdag). For kompabilitet med Microsoft Excel.

2

1 (måndag) til 7 (laurdag).

3

0 (måndag) til 6 (søndag).

11

1 (måndag) til 7 (søndag).

12

1 (tysdag) til 7 (måndag).

13

1 (onsdag) til 7 (tysdag).

14

1 (torsdag) til 7 (tysdag).

15

1 (fredag) til 7 (torsdag).

16

1 (laurdag) til 7 (fredag).

17

1 (søndag) til 7 (laurdag).


Merknadsikon

Denne verdien vert berre brukt for standard datoformat som er vald i → LibreOffice Calc → Rekn ut.


Eksempel

=VEKEDAG("2000-06-14") returnerer 4. (Typeparameteren manglar, difor vert standardoppsettet brukt. Standardoppsettet byrjar med søndag som dag nummer 1. 14. juni 2000 var ein onsdag og difor dag nummer 4 i dette oppsettet).

=VEKEDAG("24.7.1996";2) returnerer 3 (Type-parameteren er 2, difor er måndag dag nummer 1. 24. juli 1996 var ein onsdag og difor dag nummer 3).

=VEKEDAG("24.7.1996";1) returnerer 4 (Type-parameteren er 1, difor er søndag dag nummer 1. 24. Juli 1996 var ein onsdag og difor dag nummer 4).

=VEKEDAG("02.05.2017";1) returnerer 6 (Type-parameteren er 14, difor er torsdag dag nummer 1. 2.. mai 2017 var ein torsdag og difor dag nummer 6)

=VEKEDAG(NO()) returnerer talet for dagen i dag.

Tipsikon

Dersom du ønskjer å leggja inn ein funksjon som viser om A1 er ein arbeidsdag, kan du bruka VISS og VEKEDAG slik i A1:
VISS(VEKEDAG(A1;2<6;"Arbeidsdag";"Helg")