NETTENESTE

Hent innhald frå nettet via ein URI.

Syntaks

NETTENAR(URI)

URI: URI-tekst for nettenesta.

Eksempel

=WEBSERVICE("wiki.documentfoundation.org/api.php?hidebots=1&days=7&limit=50&action=feedrecentchanges&feedformat=rss")

Returnerer innhaldet av nettsida «https://wiki.documentfoundation.org/api.php?hidebots=1&days=7&limit=50&action=feedrecentchanges&feedformat=rss«.

FILTERXML (FILTERXML på engelsk)

Bruk eit XPath-uttrykk på eit XML-dokument.

Syntaks

FILTERXML(XML Dokument; XPath-uttrykk)

XML-dokument (nødvendig): Streng som inneheld gyldig XML-tekst.

XPath-uttrykk (nødvendig): Streng som inneheld eit gyldig XPath-uttrykk.

Eksempel

=FILTERXML(WEBSERVICE("wiki.documentfoundation.org/api.php?hidebots=1&days=7&limit=50&action=feedrecentchanges&feedformat=rss");"//lastBuildDate")

Returnerer informasjon om når Wiki-en vart sett opp

NETTADRESSEKODE-funksjonen

Returnerer ein streng med dekoda nettadresse.

Bruk denne funksjonen for å omforma tekst med nasjonale bokstavar (for eksempel bokstavar med aksentteikn, bokstavar som ikkje er ASCII-teikn eller asiatiske ord) til ein streng med symbol i URL-standard.

Syntaks

NETTADRESSEKODE(tekst)

tekst: Streng som skal omformast til URL-standard.

Eksempel

Viss cella A1 inneheld den kyrilliske teksten «автомобиль», vil =NETTADRESSEKODE(A1) returnere %D0%B0%D0%B2%D1%82%D0%BE%D0%BC%D0%BE%D0%B1%D0%B8%D0%BB%D1%8C (ordet "автомобиль" betyr bil på russisk).

Viss cella B1 inneheld teksten «車», vil =NETTADRESSEKODE(B1) returnere %E8%BB%8A («車» betyr bil på japansk).