SUMMER.VISS.SETT-funksjonen

Returnerer summen av celleverdiane i eit område som oppfyller fleire kriteria i fleire område.

Syntaks

SUMMER.VISS.SETT(Funksjons_område; Område1; Kriterium1 [ ; Område2; Kriterium2 [;...]]))

Funksjonsområde – nødvendig argument. Dette kan vera eit celleområde, namnet på eit namngjeve område eller etiketten på ei rad eller ein kolonne som inneheld verdiar som vert brukte for å rekna ut summen.

Kriterium1 må ha eit argument. Eit strenguttrykk som representerer eit logisk vilkår eller ein cellereferanse til eit slikt uttrykk. Uttrykket kan innehalda tekst, tal, regulære uttrykk eller jokerteikn (viss det er opna for desse i innstillingane for utrekningane).

Område2 – Valfri. Område2 og alle dei følgjande tyder det same som Område1.

Kriterium2 – Valfritt. Kriterium2 og alle etterfølgjande betyr det same som Kriterium1.

Åtvaringsikon

Funksjonsområde og Område1, Område2 … må vera av same storleik. Elles returnerer funksjonen feil:502 - ugyldig argument.


Merknadsikon

Den logiske relasjonen mellom kriteria kan definerast som logisk OG (konjunksjon). Med andre ord, viss alle gjevne kriteria vert oppfylde, vert verdien frå den tilsvarande cella i det gjevne Funksjons_område tatt med i utrekningane.


Funksjonen kan ha opp til 255 argument. Dette betyr at du kan ha 127 kriterieområde og kriteria for desse.

Åtvaringsikon

Viss ei celle inneheld SANN vert dette handtert som 1, medan USANN vert handtert som 0 (null).


Merknadsikon

Denne funksjonen høyrer til Open Document Format for Office Applications (OpenDocument) standard versjon 1.2. (ISO/IEC 26300:2-2015)


Eksempel

Studer denne tabellen

A

B

C

1

Produktnamn

Sal

Inntekt

2

blyant

20

65

3

penn

35

85

4

notisbok

20

190

5

bok

17

180

6

penal

ikkje

ikkje


Åtvaringsikon

Alle eksempla nedanfor inneheld rad nummer 6, men denne vert ignorert sidan ho inneheld tekst.


Enkel bruk

=SUMMER.VISS.SETT(B2:B6;B2:B6;">=20")

Reknar ut summen av verdiane i område B2:B6 som er større enn eller lik 20. Returnerer 75 fordi den femte rada ikkje oppfyller kriteriet.

=SUMMER.VISS.SETT(C2:C6;B2:B6;">=20";C2:C6;">70")

Reknar ut summen av verdiane i område C2:C6 som er større enn 70 og som svarar til cellene i området B2:B6 med verdiar større enn eller lik 20. Returnerer 275 fordi den andre og femte rada ikkje oppfyller minst eitt av kriteria.

Bruka regulære uttrykk og nøsta funksjonar

=SUMMER.VISS.SETT(C2:C6;B2:B6;">"&MIN(B2:B6);B2:B6;"<"&MAKS(B2:B6))

Reknar ut summen av verdiane i område C2:C6 som svarar til alle verdiane i område B2:B6 unntatt den største og minste verdien. Returnerer 255 fordi den tredje og fjerde rada ikkje oppfyller minst eitt av kriteria.

=SUMMER.VISS.SETT(C2:C6;A2:A6;"pen.*";B2:B6;"<"&MAKS(B2:B6))

Reknar ut summen av verdiane i område C2:C6 som svarar til alle verdiane i område A2:A6 som byrjar med «pen» og for alle cellene i området B2:B6 unntatt maksimum. Returnerer 65 fordi berre den andre rada oppfyller alle kriteria.

Referanse til ei celle som kriterium

Dersom du ønskjer å lett kunna endra eit kriterium, kan du skrive dette inn i ei eige celle og bruke ein referanse til denne cella som kriterium i funksjonen SUMMER.VISS.SETT. For eksempel kan funksjonen ovanfor skrivast slik:

=SUMMER.VISS.SETT(C2:C6;A2:A6;E2&".*";B2:B6;"<"&MAKS(B2:B6))

Viss E2 = pen vil funksjonen returnere 65 fordi lenkja til cella er bytt ut med innhaldet.

Opna fil med eksempel: