SKEIVFORDELING.P

Reknar ut skeivfordelinga i ei fordeling ved å bruke populasjonen til ein tilfeldig variabel.

Syntaks

SKEIVFORDELING.P(Tal1; Tal2; …; Tal30)

Tal1, Tal2 … Tal30 er opp til 30 numerisk verdiar eller område.

Reknar ut skeivfordelinga i ei fordeling ved å bruke populasjonen, d. v. s. det moglege resultatet, av ein tilfeldig variabel. Sekvensen må innehalde minst tre tal.

Merknadsikon

Denne funksjonen høyrer til Open Document Format for Office Applications (OpenDocument) standard versjon 1.2. (ISO/IEC 26300:2-2015)


Eksempel

SKEIVFORDELING.P(2;3;1;6;8;5) returnerer 0,2828158928

SKEIVFORDELING.P(A1:A6) returnerer 0,2828158928 når området A1:A6 inneheld {2;3;1;6;8;5}

SKEIVFORDELING.P(Tal1;Tal2) returnerer alltid null viss Tal1 og Tal2 er to tal.

SKEIVFORDELING.P(Tal1) returnerer Feil:502 (ugyldig argument) dersom når Tal1 resulterer i eit tal fordi SKEIVFORDELING.P ikkje kan reknast ut med berre éin verdi.