NETTO.ARBEIDSDAGAR.INTL

Returnerer talet på arbeidsdagar mellom start- og slutt-datoen. Det er høve til å definere helger og fridagar. Den valfrie helge-parameteren (eller ein tekststreng) kan nyttast til å definere helgedagane (eller fridagane i veka kvar veke). Brukaren kan også velja å definere ei liste med fridagar. Helgedagane og dei brukardefinerte fridagane er ikkje talde med som arbeidsdagar.

Syntaks

NETTO.ARBEIDSDAGAR.INTL(StartDatO; SluttDato; Helg; Fridagar)

StartDato er den første datoen som utrekninga vert gjort for. Dersom startdatoen er ein arbeidsdag, vert også denne datoen tatt med i utrekninga.

SluttDato er den siste datoen som utrekninga vert gjort for. Dersom sluttdatoen er ein arbeidsdag, vert også denne datoen tatt med i utrekninga.

Vekeslutt er ein valfri parameter – eit tal eller ein streng som vert brukt for å visa kva dagar som høyrer til vekeslutt og såleis ikkje er arbeidsdagar. Vekeslutt er eit tal eller ein streng som viser når det er vekeslutt. Talverdiane indikerer desse vekesluttdagane:

Tal 1 til 7 for to-dagars vekeslutt og 11 til 17 for eitt-dags vekeslutt.

Tal

Helg

1 eller ingen

Laurdag og søndag

2

Søndag og måndag

3

Måndag og tysdag

4

Tysdag og onsdag

5

Onsdag og torsdag

6

Torsdag og fredag

7

Fredag og laurdag

11

Berre søndag

12

Berre måndag

13

Berre tysdag

14

Berre onsdag

15

Berre torsdag

16

Berre fredag

17

Berre laurdag


Ein annan måte å definere fridagar på er å bruka helgestrenger. Strenge må ha sju (7) teikn – null (0) for arbeidsdagar og ein (1) for fridagar. Kvart tal representerer ein vekedag. Første dagen er måndag. Strengen «1111111» kan ikkje brukast. Strengen «0000011» definerer laurdag og søndag som fridagar.

Fridagar er ei valfri liste med datoar som er fridagar. Lista kan gjevast som eit celleområde.

Eksempel

Kor mange arbeidsdagar er det frå 15. desember 2016 til 14. januar 2017? Set startdatoen i C3 og sluttdatoen i D3. Cellene F3 til J3 inneheld fem (5) fridagar for jul og nyttår i datoformat: 24. desember 2016; 25. desember 2016; 31. desember 2016; 1. januar 2017.

=NETTO.ARBEIDSDAGAR.INTL(C3;D3;;F3:J3) returnerer 21 arbeidsdagar med dei andre dagane som fridagar.

=NETTO.ARBEIDSDAGAR.INTL(C3;D3;11;F3:J3) returnerer 24 arbeidsdagar med berre søndag som fridag.

Du kan også bruke tekststrengen «0000001» for å definere søndag som fridag i kvar veke.

=NETTO.ARBEIDSDAGAR.INTL(C3;D3;“0000001”;F3:J3) returnerer 24 arbeidsdagar med søndag som einaste fridag.

Funksjonen kan brukast utan dei to valfrie parametera – vekedag og fridagar – ved å sløyfa dei.

=NETTO.ARBEIDSDAGAR.INTL(C3;D3) gir 22 arbeidsdagar.