NETTO.ARBEIDSDAGAR

Returnerer talet på arbeidsdagar mellom ein startdato og ein sluttdato. Helgedagar kan trekkast frå.

Syntaks

NETTO.ARBEIDSDAGAR(Startdato; Sluttdato; Fridagar; Arbeidsdagar)

StartDato er den første datoen som utrekninga vert gjort for. Dersom startdatoen er ein arbeidsdag, vert også denne datoen tatt med i utrekninga.

SluttDato er den siste datoen som utrekninga vert gjort for. Dersom sluttdatoen er ein arbeidsdag, vert også denne datoen tatt med i utrekninga.

Fridagar: valfri liste med fridagar. Desse er ikkje-arbeidsdagar. Skriv inn eit celleområde med ein fridag i kvar celle.

Arbeidsdagar er ei valfri liste med tal som definerer ei standard arbeidsveke. Lista byrjar med søndag. Arbeidsdagar er viste med null og fridagar med eit anna tal enn null.

Eksempel

Kor mange arbeidsdagar er det mellom 15.12.2001 og 15.1.2002? Startdatoen er i C3 og sluttdatoen i D3. Cellene F3 til J3 inneheld desse fridagane: "24.12.2001", "25.12.2001", "26.12.2001", "31.12.2001", "01.01.2002".

=NETTO.ARBEIDSDAGAR(C3;D3;F3:J3) returnerer 17 arbeidsdagar.

Kor mange arbeidsdagar er det mellom 12. og 25. september 2016 viss berre måndagar, tysdagar og onsdagar vert rekna som arbeidsdagar?

=NETTO.ARBEIDSDAGAR(DATO(2016;9;12);DATO(2016;9;25);;({1;0;0;0;1;1;1}) returnerer 6 arbeidsdagar.